På eit møte i Kunnskapsdepartementet fekk dei tre alliansehøgskulane Molde, Lillehammer og Volda tre månaders frist på å levere ei skildring av korleis ein høgskuleallianse kan heve kvalitet på forsking og undervisning ved høgskulane. Fristen frå Kunnskapsdepartementet er 15. januar 2015. Det er samtidig som Kontaktkonferansen mellom Kunnskapsdepartementet og institusjonane i høgare utdanning.

Statssekretær Bjørn Haugstad gav høgskulane også i oppdrag å vurdere korleis alliansealternativet stod seg i høve til andre alternativ - som fusjonar. Haugstad varsla også skjerpa krav til masterutdanningar og doktorgradsutdanningar og bad om at utgreiinga i januar også tok opp dette i diskusjonen.

Rektor Johann Roppen var ikkje overraska over at KD ønskja ei konkretisering av alliansemodellen. Men han er spent på korleis Kunnskapsdepartementet gjere si vurdering.

– Alle fusjonar har så langt vorte godkjende utan at Kunnskapsdepartementet har vurdert mulige kvalitetsgevinstar, så ei kvalitetsvurdering av alliansemodellen blir nytt også for departementet, seier Roppen.