Samfunnsutvalet vedtok at Osgeila skal vere einvegskøyrd i fire og ein halv månad i vinterhalvåret, og at gata elles skal vere open for biltrafikk begge vegar. Vidare vedtok samfunnsutvalet at det skal kome opp eit gjennomkøyring forbode-skilt i krysset Hansholen/Osborgvegen. Dette skal hindre trafikk til og frå Rystefeltet via Osgeila.

Kommunestyret

No er det også stadfesta at saka skal handsamast i kommunestyret. Det skjer fyrstkomande torsdag, etter at fire representantar i samfunnsutvalet klaga på det vedtaket fleirtalet gjorde.

Ei slik klage treng ikkje å ha grunngjeving. Ein av dei som klaga, Astrid Bjørdal, sa til Møre-Nytt torsdag at ho var med på klaga fordi det ikkje har kome fram kva konsekvensen av vedtaket er, og at det dessutan var ei dårleg møteleiing under saka.

Etter vedtaket har det kome fleire lesarbrev til Møre-Nytt. Desse viser at det er delte meiningar om det vedtaket som er gjort.

«Godt og balansert»

Atle Bjerkvik karakteriserer vedtaket som godt og balansert.

«Denne saka, som har innverknad på kvardagen for mange, fekk no eit godt balansert vedtak som først og fremst tek i vare mjuke trafikantar i heile området, og samstundes tek omsyn til andre viktige forhold. Vi reknar med at kommunestyret ser dette og stadfestar vedtaket frå SFU når saka kjem opp», skriv Bjerkvik.

Han rosar fleirtalet for å ha sett heilskapen i saka:

«Det går klart fram at SFU som trafikksikringsnemnd no har innsett at ikkje berre Osgeila er ei trafikkmessig utfordring. Også vegen frå Eliholen/Hansholen til Osborg er ein likeså farleg veg for alle som ferdast der, spesielt for dei mange mjuke trafikantane. Eg vil gi honnør til SFU for å ha sett seg så grundig inn i saka og at dei dermed tek omsyn til både Osgeila og Øvre Ose/Osborg og syter for rettferdig fordeling av ulempene tiltaka vil gi», skriv Bjerkvik.

Han er glad for at saka kjem i kommunestyret på prinsipielt grunnlag, og set si lit til at alle representantane der gjer som fleirtalet i samfunnsutvalet.

Habilitet

Andre er meir kritiske til vedtaket. Sju oppsitjarar stiller spørsmål ved vararepresentanten Cato Engen (Sp) sin habilitet. Han har nærskylde busett i Oklavegen, som er ein veg som grensar til Osborgvegen/Hansholen, og som etter desse sitt syn vert nytta som veg til skule og fritidsaktivitetar.

«Han brukte nettopp bekymringa for dei mjuke trafikantane på denne vegstrekninga som eit vesentleg argument i sitt innlegg i møtet i samfunnsutvalet», skriv Ove Langøy, Jeanette Viken, Jan Petter Egset, Marte Vatne, Morten Bjørdal, Ingrid Sæbønes og Per Olav Sandbakk.

Desse ber kontrollutvalet om å vurdere habiliteten til Engen, og syner til at det var hans røyst som avgjorde saka. Engen møtte som vara for Karl Asgeir Sæbønes i samfunnsutvalet. Sæbønes har tidlegare vore kjend ugild i handsaminga av Osgeil-saka.

– Meir trafikk

Frode Vatne er djupt usamd i vedtaket til samfunnsutvalet, og meiner fleirtalet går inn for å setje meir trafikk inn i Osgeila – «der dei buande har prøvd i over tretti år på å få ein trygg veg.»

«Dette har ingenting med trafikktrygging å gjere. Denne saka har skifta retning. Praktiske omsyn har tydelegvis blitt viktigare enn trafikktrygging. Lovar og reglar blir brotne», skriv Vatne.

Han er dessutan kritisk til rådmannen si rolle. Ho har kjend seg sjølv ugild i Osgeil-saka, men Vatne undrar seg over kvifor ho ikkje er ugild når det gjeld den nye sambindingsvegen som skal kome til det same området.

Osgeila: Denne vegstubben er kjernen i striden. Spørsmålet for kommunestyret er om ei løysing berre skal ta utgangspunkt i denne vegen, eller heile området rundt. Foto: Rune Sæbønes