Bebuarane seier dette i eit innspel i samband med rulleringa av Volda kommune sin arealdel.

Det er lagt opp til bustadbygging på det aktuelle området, men dette meiner bebuarane vert feil bruk av areal.

– Etter vårt syn er det sentralt og avgjerande for Volda-samfunnet å sikre sjukehuset si framtid og ikkje «eksperimentere». Arealdisponering inntil området er då sentralt og det som opphavleg er regulert som del av sjukehusområdet i plan frå 1979. Vi ser i dag at sjukehuset ofte står ved vegskilje i politiske kampar med spørsmål om oppbygging/nedbygging. Tilgjengeleg areal rundt dagens lokasjon og moglegheit for ekspansjon vil truleg vere avgjerande for sjukehuset i Volda sin lagnad i framtida. I tillegg ligg det nemnde arealet tett inn til ein av sjukehuset sine sentrale funksjonar/infrastruktur og helikopterlandingsplass, seier bebuarane som bur i Bøkevegen, Røyslidvegen og Åsemyra.