Det seier adm. dir. ved Hotell Ivar Aasen, Linda Haddal Røssevoll.

Sidan ombygginga i 2010 har det nemleg ikkje vore optimale høve for å ta ein svingom på hotellet.

Musikantane har ikkje hatt scene, medan publikum har vore nøydd å danse på hardt steingolv.

Bambus

Etter fleire tilbakemeldingar frå diverse klubbar og publikum, har hotellsjefen no teke rev i seila og gjeve grønt ljos for å gje folk ei skikkeleg danseoppleving.

– På laurdag, og ved framtidige arrangement kjem vi no til å rydde vekk borda, og lage til scene ved vindauga. Slik kjem ein nær artisten, og får danse på bambusparkett i staden.  Det skal nok følest mykje betre, seier Røssevoll.

Håpar på oppmøte

Den siste tida har det ikkje vore særleg stort oppmøte på dei dansbare arrangementa ved hotellet.

No håpar Linda at trenden skal snu.

– Vi ynskjer at både ørstingane og voldingane skal nytte seg av tilbodet vårt, og difor høyrer vi aktivt på deira ynskjer.

Komande laurdag kjem Ståle Dimmen for å underhalde, og saman med 120 vitjande gjestar og festglade ørstingar skal det nok verte liv når laurdagen kjem.