Både ho og dei to barna føler seg hjelpelause, og fortel no historia si til Møre-Nytt i håp om at nokon skal rekke ut ei hjelpande hand, i form av ein ny bustad.
Utryggleik
Semret er frå den nordaustafrikanske nasjonen Eritrea, og kom som flyktning til Noreg i 2008 saman med sonen sin, som då var tre år. Året etter busette dei seg i Ørsta, men tida skulle vise at livet i bygda ikkje berre var ein dans på roser.
I dag har Semret to søner, ein på sju år og ein på ti månader. Eldstemann går på skule i Ørsta, og familien bur i ei lita leilegheit rett over ein pub i sentrum. Der har dei budd i snart fire år, i ein kvardag som ifølgje ho sjølv er prega av utryggleik.
– I helgane er det mykje fyllebråk og uro i gata, noko som er vanskeleg for ein barnefamilie på tre. Vi er også uroa for brannfare, ettersom naudlysa i trappeoppgangen ikkje fungerer. Det har vore brann i etasjen under, og eldstesonen vår har hatt søvnproblem som ei følgje av dette, seier Semret.
Ho seier dei har svært lite plass, og slit med at det siv vatn inn i leilegheita kvar gong det regner.
– Det fører til mykje fukt og dårleg lukt. Eg legg ut handkle for å suge opp vatnet, men det er ei illeluktande løysing som ikkje held i det lange laup, seier ho.
Les også: – Ikkje vårt ansvar
Ikkje hjelp å få
I lengre tid har Semret prøvd å finne ein ny bustad, både ved hjelp av annonsar i avisa og gjennom kontakt med kommunen og NAV.
Ingen av metodane har vore vellukka.
– Eg har vendt meg til kommunen kvar einaste dag, men det er inga hjelp å få. Det er vanskeleg for oss innvandrarar, og eg byrjar nesten å tru at dei ikkje vil ha oss utlendingar her i Ørsta, seier Semret oppgjeven.
Siste sjanse
No ropar ho om hjelp via lokalavisa, og ber om at dei som kan vere interessert i å leige ut eit ledig husvære til ho og hennar to søner tek kontakt.
– Det er mitt høgste ønske at eg og barna mine kan finne oss ein ny plass å bu, særleg med omsyn til mine to små. Eg har korkje førarkort eller bil, så det må vere i sentrum, med gangavstand til buss, butikkar, skule og barnehage.