Det gjorde nesten ingen ting at det snøa i fjellsidene i Ørsta 1. juni, for inne på kulturhuset var det bøttevis av varme, rørsler, presisjon, sjarm og oppleve. Det årlege vårshowet for dei som dansar jazz, hiphop og driv med musikkteater gjekk då av stabelen.

Sjå bildeserie: Trykk her

Alle i fokus

Etter månader med øving, ei sceneprøve og ei generalprøva var borna og ungdommane klare for å vise seg fram for publikum.

Det vi la mest merke til var det raske tempoet, og at alle dansarane fekk danse fremst på scena etter tur. Koreograf Heather Taws og lyssettar og scenograf Jiri Nagi skal ha æra for at kvar enkelt fekk sin porsjon fokus.

God koreografi

Det har vore vanleg med mykje glam og glitter på vårshowet. I år var dette tona litt ned. Men det gjorde ingen ting for kostyma, lyssetjinga og scenografien passa perfekt til kvar dans. Heather hadde gjort seg skikkeleg flid med koreografien, for alle dansane høvde godt til dei tekstene ho hadde valt.

Stor variasjon

Variasjonen på nummera var stor, frå rolege, stemningsfulle dansar i klassiske kjolar, via neongrøne t-skjorter og energiske rørsler, til dei tøffe hip-hopgutane.

Sidan det ikkje er så mange reine gutegrupper ved ballettskulen, fekk deira fellesnummer stor applaus. Karane brukte både rullebrett og ei rampe som dei utfalda seg på.

Eit av jentepartia hadde også lagt seg på ein svært sporty stil, med ein basketball som dei kasta seg i mellom medan dei dansa.