Sæbø var store favorittar før møtet med Flø onsdag. Bortelaget stod med berre tre poeng på sine seks første kampar, medan heimelaget kjempa i den andre enden av tabellen. Heimelaget ville også revansjere 5–2 tapet mot Åmdal tidlegare i veka, og fekk ein god start på kampen.

Heimelaget var gode i oppbygginga av spelet og fekk fart på ballen. Då det var spelt eit kvarter var Sæbø i leiinga 2–0 etter at toppskårar Svein-Ivar Moltu hadde vore frampå begge gongene. Etter skåringane slapp Sæbø seg litt ned, og Flø kom betre med i kampen.

Bortelaget har ikkje vore spesielt målfarlege så langt i sesongen, og dei skapte ikkje dei store sjansane i denne kampen heller. Martin Sandbakk var nær skåring mot Åmdal på måndag, men mot Flø gjekk headinga i mål og 3–0. Yngve Frøland auka til 4–0 rett før pause via stolpen og inn.

Tryggja leiinga

I andre omgang starta Sæbø bra igjen slik som dei gjorde i første omgang. Utover i omgangen fall kvaliteten i spelet igjen, og Flø fekk ei redusering. Lars Urke auka til 5–1 på straffespark, og Øystein Frøyland sette punktum med si 6–1 skåring.

– Må forbetre oss

Sæbø-trenar Emile van Embden var nøgd med tre poeng, men meiner at laget må spele betre om Sæbø skal kjempe i toppen resten av sesongen.

– Eg sa til spelarane i pausen at vi må starte å spele betre fotball eller så har vi eitt problem. I første omgang opna vi bra, men så fall kvaliteten. Det same skjedde i andre omgang. Vi må verte flinkare til å sette sjansane vi får, og spele enno betre fotball. Målvakta til Flø fortener også skryt, og redda mange sjansar sjølv om vi skåra seks mål. Skal vi vere med i toppen så må vi forbetre oss. Vi bør klare å vere blant dei to tre beste laga, men ein veit aldri kva spelarar Åmdal har til hausten og sesongen er ikkje over enno, seier van Embden.

Veddemål med Moltu

Den karismatiske nederlendaren hadde også eit veddemål med toppskårar Svein-Ivar Moltu før kampen om at han skulle skåre meir enn to mål.

– På siste målet vårt utfordra Svein-Ivar to forsvarar før han sendt av garde eit hardt skot. Ballen trefte målvakta og var på veg i mål trillande då Øystein plutseleg dukka opp og pirka ballen over mållina. Det Øystein gjorde sparte meg ei flaske vin. Eg var sikker på at eg hadde tapt veddemålet då Svein-Ivar stod med to mål tidleg i kampen, så eg takkar Øystein, seier van Embden humørfylt.

– Treng seks poeng

Før Sæbø tek sommarferie ventar det to viktige kampar som begge bør vinnast.

– Vi møter Tjørvåg no kommande måndag på heimebane. Det er eit lag som må slå, og som ligg rett bak oss på tabellen. 2. juli er også ein viktig kamp mot Hareid 2. Vi treng seks poeng i desse kampane, og då gjer vi det bra. Til den siste kampen manglar vi fleire spelarar, men vi skal bite godt frå oss, seier van Embden.