Det har kome inn i alt 31 søknader (mot 34 i fjor, 44 i 2010, 49 i 2009, 47 i 2008, 62 i 2007 og 71 i 2006) på kulturmidlane.

Det skal altså delast ut 170.000 kroner, og det er 10.000 meir enn fjoråret.

Desse vil verte fordelt slik mellom dei ymse kategoriane.

Song og musikk 53.000,- kroner (kr 52.000,- i 2011), barne- og ungdomsarbeid 23.000,- kroner (kr 24.000,- i 2011), idrett 80.000,- kroner (kr 74.000,- i 2011), og andre søkjarar kr 14.000,- (kr 20.000,- i 2009). Delingsgruppa for «hjelpe- og interesseorganisasjonar» er no så liten at samanslåing med «Andre søkjarar» vert praktisert f.o.m. i år.

Nedgang

Søkjartalet siste åra har variert noko, og har gått ned dei siste åra. Det har i år altså kome inn 31 søknader, og som er med i denne saksutgreiinga/tilrådinga.

– Når det i år er færre søkjarar enn før, og når samla tilskot er som i fjor, er det som utgangspunkt tilrådd det same eller auka tilskot på dei som er mellom søkjarane i år. Med mange søkjarar og relativt små middel er det mest uråd å yte rettferd i høve til søkjarane. Det må takast omsyn til andre faktorar enn likeverd. Søkjarane er heller ikkje like. Det er også stor ulikskap innanfor kvar delingsgruppe. Nokre søkjarar driv kulturarbeid med vesentleg større drifts- og aktivitetskostnader enn andre. Det er såleis mange moment å leggje vekt på, kommenterer kultur- og næringsleiar Liv Bente Viddal.

Delinga i år kan jamførast med tilsvarande søknadsrunde i fjor. Utrekninga av storleiken på samla beløp til dei ulike delingsgruppene baserer seg på forholdet mellom talet på søkjarar, kva for søkjarar som fekk tilskot i fjor og som eventuelt ikkje søkjer i år, søkjarar som normalt får større tilskot enn andre (og som ikkje søkte i fjor).

Dette kan fungere som eit ”rettferdig” delingsgrunnlag. Søknadene viser i nokre høve at det vert arbeidd med nye eller større tiltak i høve til søknadsgrunnlaget tidlegare år, og det er prøvt å ta omsyn til dette.

Oppfølging

– Når det elles gjeld dei ulike delingsgruppene, er det lagt vekt på å følgje opp tiltak og tilbod som levekårsutvalet også i andre samanhengar har gitt prioritet. Dette gjeld t.d. tiltak for barn/ungdom, tiltak for grupper med særskilde behov, kulturvern og nyskipa/reorganiserte lag. I mange av søknadene kjem det også fram enkeltmoment som har virka inn på tilrådingane. Her kan det m.a. visast til at utvalet tidlegare har gitt signal om at det skal utøvast ei behovsprøving mot dei ressursane søkjarane forvaltar. Nokre av søkjarane har lagt ekstra vekt på at dei skal arrangere større stemne, kjøpe nytt utstyr (eller nye uniformer), at dei skal på tur, ha jubileum, gi ut bok el.l. Slik ordninga er no, vert det lagt mest vekt på ordinær drift/aktivitet og storleik på laget, laget si lokalgeografiske plassering og oftast med referanse til årsmelding og rekneskap som skal følgje søknaden, kommenterer Viddal.

– Det må likevel seiast at delingstilrådinga i år er mykje lik det som vart vedteke i fjor. Med små middel og innarbeidde ordningar, og sjølv med stadig færre søknader enn åra før, vil det lett bli repetisjon, – utan at det treng om å vere tilfeldig vurdering, kommenterer Viddal.

Klagerett

Det er klagerett på tildeling av kulturmidlane. Dette vert kunngjort i svarbreva til søkjarane.

Ho forklarar at det er prøvd å gi preferanse til søkjarar med aktivitet for barn og unge også innanfor dei delingsgruppene som ikkje primært skal dekkje barne- og ungdomsarbeid.

– Det er likevel uråd å reindyrke ei slik målretting av tilskota då det også er fleire andre omsyn som kulturmidlane skal ta vare på, seier Viddal.

Kultur- og næringsleiar Liv Bente Viddal registrerer at det kjem færre søknader om kulturmidlar.