Det har vore tradisjon for at Dei Nynorske Festspela inviterer representantar frå næringslivet til frukost med fagleg innhald under festspela. Slik var det også i år. Dagen starta med at Berit Oppheim Vesto frå Voss song nokre songar til dei frammøtte, før dei fekk forsyne seg frå frukostbordet.

I år var Martin Foldal, dagleg leiar på Sunnmøre Kulturnæringshage invitert til å halde eit kort foredrag om det nystarta prosjektet.

Han kunne fortelje at fleire av bedriftene i kulturnæringshagen har kome godt i gang, sjølv om dei opna for berre to månader sidan.

– Til dømes har Raindog studios fått oppdrag frå Kleven om å lage tjue animasjonsfilmar som utan språk forklarar HMS-reglane i Noreg til utanlandske arbeidarar, sa Foldal.

Kulturnæringshagen inneheld ei rekkje bedrifter innan kreativ industri, der målet er å stimulere til utvikling.

– Sunnmøre kulturnæringshage fokuserer på dei områda der Høgskulen i Volda har kompetative fordelar nasjonalt, som animasjon, film, video og fotografi, reklame, media, IKT og design. Det betyr at vi er ein veldig spissa næringshage samanlikna med andre næringshagar i Noreg. Hensikta er å leggje til rette for fleire etableringar innan kulturbasert verksemd, men også å hjelpe dei eksisterande bedriftene som arbeider innan same segment til å få meir inntening.

Etter innlegget var det lagt opp til uformell prat mellom dei frammøtte.

Martin Foldal på Sunnmøre Kulturnæringshage fortalde om det nystarta gründerhjelpprosjektet