– Det verkar ikkje som om Hustad veit kva lærarutdanninga og yrket vårt handlar om. Argumentasjonen hans minner om synsing og er lite sakleg, seier Kjerstin Skarpnes, som saman med studievenninnene Hilda Birkelund, Ane Huse Heggdal og Marita Sunnarvik er ueinige i kritikken frå Dag og Tid-journalist og tidlegare lektor Jon Hustad.

Framandgjort

Ingen av studentane kjenner seg att i sistnemnde sine skuldingar om at lærarutdanninga er fylt med inkompetente personar i nedre sjikt av karakterskalaen.

– Snittet på studiet er over fire, og eg veit ikkje om nokon her som er nøgde med dårlege eksamenskarakterar, seier Birkelund.

Jentene kjenner skulemiljøet frå innsida, og seier det er ei gjennomgåande bevisstheit kring det komande ansvaret med å lære opp den neste generasjonen av Noreg sine innbyggjarar.

– Meir pedagogikk

– Eg tviler sterkt på at ein finn mange tilfelle der elevar er frustrerte over læraren sin mangel på kunnskap. Derimot veit vi at mange er oppgidde over lærarar som ikkje klarer å lære frå seg. Eg var sjølv ei av dei, seier Skarpnes.

Studentane er alle einige i at pedagogikk er viktig, for i mange tilfelle er det ikkje den faglege-, men den kommunikative kompetansen det skortar på.

– I dag utgjer pedagogikkopplæringa berre seks månader av totalt fire år. Altså 30 av 240 studiepoeng. Hos dei som byrjar på studiet i dag er timetalet rett nok dobla, men faget kan ikkje undervurderast, seier Sunnarvik.

Høge krav

– Kva meiner de om å setje høgare inntakskrav?

– Det kan vere føremålstenleg, men korleis ein er som person tel òg mykje i vurderinga om ein er skikka til å vere lærar eller ikkje, seier Birkelund.