Det seier leiar i Prosjekt Ørstaskogen, Hans Peter Eidseflot.

Han er kontaktleddet mellom Fjordane Bioenergi og Allskog – den regionale skogeigarforeininga i Møre og Romsdal.

Lokal organisering

Etter at Ørsta Eldhus denne veka kom i full drift, er ambisjonen nemleg å organisere eit samarbeid mellom fleire av skogeigarane i Volda og Ørsta, og Fjordane Bioenergi.

På denne måten kan eldhuset levere varme ved hjelp av lokalprodusert brensel.

I fyrste fase skal ein bruke flis av lauvskog mellom anna frå Austefjorden, og ein gjer forsøk med innblanding av flisa, greiner og toppar (grot) frå Follestaddalen.

– Her er mange skogeigarar med små teigar i kommunane, men samla sett er ressursgrunnlaget svært godt. Det er avgjerande at organiseringa lukkast, seier Eidseflot.

Problem – ressurs

Eit av dei mest positive aspekta ved grot-fyringa, er at ein no får gjere eit problem om til ein ressurs.

Det gler spesielt skogeigar Lars Inge Korsfur.

– Både eg og dei andre skogeigarane er svært glade for at vi no kan få kvistavfallet vekk frå skogvegen, og nytte det til noko føremålstenleg. Det ser ikkje pent ut når store opphopingar med trestumpar ligg og rotnar, seier han.

Mengder

Til no er i alt ni skogeigarar med på biobrenselprosjektet. Seks av dei held til i Follestaddalen, medan dei resterande tre er i Austefjorden.

Av granskogen som vart høgt i Fyldalen i sommar, fekk ein 2.200 kubikkmeter med grantømmer. I tillegg vart det 1.500 lauskubikkmeter med grot. Ifølgje Eidseflot er det nok til å varme opp 90 einebustader i eit heilt år. Dette skal ein no prøve å tørke og nytte som brensel.

I Austefjorden er volumet mellom 700 og 1.000 kubikkmeter med lauvskog, men her skal heile treet nyttast, og ikkje berre restavfallet.

– Det er hogsten i Sundalen i Austefjorden som vert hovudgrunnlaget for fyringa i eldhuset.

Eidseflot er likevel klar på at det trengst meir, for Ørsta Eldhus har eit behov på 3.000 til 5.000 kubikkmeter skogsvirke i året.

– Klar neste haust

Flisa som eldhuset no nyttar i fyrste omgang, kjem frå Rudshøgda på Hamar. Dette er for å få ein stabil innkøryingsfase for ovnane.

Eidseflot estimerer at det lokalproduserte biobrenselet kjem til å verte klart til dyst frå neste haust av.

– Vi må ha ei viss utprøving av ulike tørkeopplegg før vi kan nytte brenselet. Vêret er fuktigare her enn på Austlandet, og difor må vi finne vår eigen måte å framstille produktet på, seier han.

– Bra satsing

Eidseflot og Korsfur løyner ikkje at samarbeidet mellom skogeigarane, Fjordane Bioenergi og Ørsta Eldhus kan verte fruktbart.

– Dette er ei bra satsing. Eldhuset er eit fullgodt konsept som er miljøvennleg og toler trevirke med stort fuktspenn og robust innmating.

Greiner, toppar og røter – det som tidlegare har vore eit problem, kan no nyttast til noko føremålstenleg. Foto: Ivar Lid Riise