Politiet hadde natt til laurdag mykje å gjere i Volda. Mange ungdommar samla seg i sentrumsområdet, og det vart registrert hendingar i politiloggen lenge utover natta.

Sentrumsbråk

Fredag kl. 22.10 fekk politiet inn fleire klager frå folk i Volda sentrum. Eit hundretals ungdommar var årsaka til uroa, og ein patrulje vart sendt til staden.

Overstadig rusa

Fredag kl. 23.10 vart politiet gjort merksame på ein overstadig rusa gut i Volda sentrum. Han vart skyssa heim i tenestebil.

Urinering 1

På slaget 00.00 natt til laurdag vart ein 17 år gamal gut meldt til politiet for å urinere på eit forretningsbygg i Volda. Han skal også ha gjeve falske personopplysningar då politiet bad om dette.

Urinering 2

Klokka 01.00 vart ein mann i tjueåra teken for urinering på offentleg stad i Volda.

Urinering 3

Klokka 02.20 vart endå ein mann i tjueåra teken for urinering på offentleg stad.

Henta av foreldra

Klokka 01.40 henta politiet inn ein overstadig rusa gut i Volda sentrum. Han klarte ikkje å ta vare på seg sjølv, og måtte hentast av foreldra på lensmannskontoret.

Sov på benk

Klokka 02.20 vart ein mann i 40-åra vekt av politiet. Han låg og sov på ein benk i Volda sentrum. Mannen vart køyrt heim.

Slåstkamp

Klokka 02.30 vart det slåstkamp mellom to personar i Volda sentrum. Dei involverte varsla politiet om at saka vert meldt.

Nakensykling

Klokka 03.18 vart to menn observert nakne på ein sykkel i Volda. Dei vart stansa av politiet, som opplyser at ingen av dei fekk sjå noko anna publikum enn den nemnde patruljen.