Det sa Petter Bjørdal (Ap) i kommunestyret i Ørsta torsdag.

Engasjement

Bakgrunnen var at Hans-Olav Myklebust (Frp) bad om at Ørsta kommune sette utviklinga av den vidaregåande skulen i kommunen på dagsorden. I eit innspel til kommunestyret bad Myklebust om at det vert teke tak i saka, og at kommunen engasjerer seg for framtida til Ørsta vidaregåande skule.

Myklebust viste mellom anna til at fleire liner ved skulen har vore og er truga med flytting, mellom anna delar av tømrarlina til Fosnavåg.

Bjørdal var ikkje usamd med Myklebust i at det må eit sterkare engasjement til for Ørsta vidaregåande skule.

Barnetal

– Likevel må vi sjå på realitetane i saka. Ein slik realitet er barnetala. Vi opplever at barnetala i Ørsta vidaregåande skule sitt nedslagsfelt er fallande. Difor går søkinga tilbake samanlikna med det som skjer i Ulstein, Herøy, Ålesund og Kristiansund. Der er kapasiteten ved dei vidaregåande skulane sprengd. Difor er det vi skal vere varsame med å framprovosere nye felles skulebygg for regionen. Det vil vere meir fornuftig å ta tak i Ørsta vidaregåande skule slik han ligg no, og byggje han ut innanfrå, sa Bjørdal.

Areal

Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) var usamd.

– Vi må sjå på kva som er Ørsta si styrke, og det er tilgangen til areal. Der er vi i ein heilt unik situasjon på Søre Sunnmøre. Ørsta er i særstilling den plassen som peikar seg ut for ein felles vidaregåande skule på Søre Sunnmøre, sa Hovden.