– Vi har ein auke i salet av bustader dette året. Vi ligg på over hundre så langt, fortel Johnny Kragset i Kragset Eigedomsmekling. Firmaet har Ørsta og Volda som sitt kjerneområde, og har ein marknadsdel her på 54 prosent.

Nye vegar

Kragset erfarer at bustadkjøparane i større grad enn før handlar på tvers av kommunegrensene.

– Eiksundsambandet og Kvivsvegen gir marknaden styrke. Ørsta og Volda er eit tyngdepunkt i regionen, og folk bur gjerne her, men pendlar til jobb via dei nye vegsambanda.

Kragset kjenner til bustadkjøparar som pendlar både til øyane og til Hornindal, og har også døme på folk som køyrer til Stranda på jobb kvar dag.

Han peikar på det unike i at Ørsta og Volda har både flyplass, sjukehus og fylkets største høgskulemiljø i umiddelbar nærleik.

– Ingen tettstader kan vel måle seg i så måte. Det gir ein dynamikk og ei kjensle av fleksibilitet og valfridom som eg trur betyr mykje for veldig mange.

Over takst

Kragset har erfaring innan eigedomsmekling sidan 2000, og starta opp for seg sjølv i 2009, motstraums, midt i finanskrisa.

– Eg har opplevd både oppturar og nedturar i marknaden før, og eg ser no at mange eigedomsmeklarar rundt om i landet merkar at den gode trenden i marknaden er i ferd med å snu, men lokalt ser vi altså ikkje det same.

Han fortel at han stadig får spørsmål frå folk som lurer på om det er i ferd med å verte vanskelegare tider for husseljarane- og kjøparane.

– På landsbasis har bustadprisane falle med 1,4 prosent. Her sel vi stadig hus over takst.

Han kan nemne i fleng. På Krøvelen gjekk det eit hus i sommar 545.000 kroner over takst. På Vartdal selde firmaet nyleg eit hus 290.000 kroner over takst, eit rekkjehus på Vallabøen i Ørsta gjekk for 310.000 over takst, og ei leilegheit i Kyrkjegata gjekk 315.000 over takst.

– Folk er framleis kjøpesterke og villege til å betale for å få bu der dei ønskjer.

Positiv

– Dei større byane slit meir enn vi gjer lokalt. I Oslo, Stavanger og Trondheim merkar dei ein nedgang i omsetninga og at prisane er i ferd med å gå ned. Lokalt kan vi i all hovudsak takke dei nye kommunikasjonsløysingane vi har fått for at vi ikkje ser den same tendensen.

Førebels fryktar ikkje Johnny Kragset at den negative trenden skal nå Søre Sunnmøre.

– Det er ein generell framgang i heile distriktet og i regionen. Eg er positiv også for tida framover.