– Dette er eit tydeleg signal på at vi skal ha levande bygder i Hjørundfjorden også i åra framover, helsa ordførar Rune Hovde til dei mange frammøtte.

Naudskrik

Leiar for samferdselsutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne, møtte også opp for å helse til folket på Sæbø.

– Det tok ikkje lange tida etter at eg vart med i utvalet at eg høyrde naudskrika frå ferjekaia på Sæbø, fortel han.

Den gamle ferjekaia var i så dårleg stand at det måtte kriseløysingar til for å halde den gåande medan den nye kaia var under planlegging og bygging. Det heldt akkurat.

– Det er ein fantastisk fjord de bur i. Og eg fekk også med meg hurtigruta då ho sigla inn her. Stadig fleire får augo opp for denne vakre fjorden, og dei som krafsar seg fast her og skaper gardar og næringsgrunnlag treng kommunikasjon for å kome seg fram.

Vatne håper den nye kaia vil halde i mange år.

– Det er kostbart og utfordrande for fylket å halde ved like alle dei 22 ferjesambanda vi har ansvaret for, vedgjekk han.

– Men det er svært viktig å gi innbyggjarane eit godt tilbod.

Takka fylket

Den gamle kaia heldt i vel 50 år.

– Det var ei gammal kai, og det var på høg tid å få skifta den ut, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland frå Statens vegvesen.

Han er glad for at dei rakk å byggje ei ny før den gamle tok kvelden.

Den nye ferjekaia vart teken i bruk i mars i fjor, og det siste året har vorte brukt til å klargjere landarealet. Kaia vart bygd av Implenia AS, og landarealet stod Hole Maskin for.

– Vi må takke Møre og Romsdal fylkeskommune som gjorde det muleg å fullføre dette arbeidet. Dette er ei robust ferjekai, og vi satsar på at den held i minst femti år, som den gamle.

Kakefest

Som seg hør og bør var det sjølvsagt både kake, kaffi, bollar og brus å få for alle dei frammøtte. Kristoffer Gullstein Leknes var på plass saman med skulekameratane sine. Han er godt kjent med arbeidet som har gått føre seg dei siste åra.

– Eg tek ferja kvar dag for å kome meg til skule, fortel han, og slår fast at han er svært nøgd med resultatet no når arbeidet er ferdig.

Også Ragna Riise let vel over både kaka og den nye kaia.

– Veldig, veldig flott. Ei super kai, rosa ho.

Riise hugsar frå før krigen då turisttrafikken tok seg opp på Hjørundfjorden og skapte grunnlag for etableringa av ferja.

– No er det stort sett henne vi har att. Og så skyssbåten. Eg får verkeleg håpe at vi får behalde han, skyt ho inn.