Slik helsa Egil Olsen då ha tok i mot kulturprisen til Ørsta kommune på kommunestyremøtet torsdag. Og sjølvsagt takka Olsen også med ein song og eit ekstranummer.

– Det er veldig hyggjeleg å verte sett kulturpris på, helsa Egil, og lova at han skal drive med musikk og kultur også i dei komande åra.

Det var ordførar Rune Hovde som delte ut prisen.

Flyttar grenser

– Egil flyttar grensene i leitinga etter noko urprøvd. Eller noko han vil dele med andre. Han skaper opplevingar, og får god mottaking, Han er eit talent, men talent åleine fører ikkje til suksess. Det krev mot å ha talent. Det må følgjast opp med idear og ressursar, det må brukast og formidlast. Egil Olsen skaper kultur både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, sa Hovde.

Han påpeikte at kulturprisvinnaren spelar på fleire strenger enn dei fleste, og at det er ein kunstnarleg og personleg heilskap over Egil Olsen-prosjekta.

Hovde la vekt på at Egil Olsen har laga masker, teikna og måla, brukt lys og lyd, og alle slags musikkinstrument.

Meisterlege kunstverk

– Egil har kombinert mange teknikkar og uttrykksformer. Når han har gjeve ut nye plater, har han også utforma og teikna coveret og det medfølgjande presentasjonsheftet. Det er meisterlege kunstverk i seg sjølv, sa Hovde.

I grunngjevinga vert det påpeika at Egil Olsen var med i eit kreativt ungdomsmiljø i Ørsta før Kaihuset opna i 199, og at Egil etter kvart vart storebror og onkel for dei som fekk vere med han.

– Det er mange spor som fører hit i dag. Det blir for enkelt å seie at Egil Olsen er ein fargerik kunstnar, sjølv om det er sant. Spora etter Egil Olsen går vidare, og vert nok synlege lenge, sa Hovde.