Videoen av «Kjellen» som tryllar fram eit fly frå stumpen har vorte sett av meir enn hundre tusen nettsurfarar på berre fire dagar. Videoen tok fleire dagar å filme, men då det viste seg å vere svært vanskeleg å time innflyginga heilt nøyaktig, enda det opp med ein liten datamanipulasjon.

Videoen har slått godt an, og vart måndag omtala i både Aftenposten, Dagbladet og svenske Expressen.