Vidare drift av ungdomsskulen på Vartdal ligg inne i budsjettforslaget, og like eins at Kaihuset vert halde oppe. Det som likevel er klart er at det vert smalhans i fleire seksjonar. Det vart skore inn til beinet.

I barnehageseksjonen er det til dømes lagt opp til fire sommarstengde veker i dei kommunale barnehagane.

Frist

Sist tysdag stod budsjettet på sakskartet til formannskapet, men det vart valt å utsetje saka fordi mykje framleis var uklart. For å halde fristane med offentleg høyring av budsjettet før budsjettmøtet i kommunestyret om to veker, måtte formannskapet handsame saka torsdag. Det greidde formannskapet, og det skjedde ikkje minst takka vere ein hektisk innsats frå administrasjonen si side. Det var også ordførar Rune Hovde klar på.

Positivt

– Eg har opplevd to av dei mest positive dagane her på rådhuset når ein ser på kva energi som har vore frigjort. Det har vorte funne feil, manglar og definert utfordringar. Det har vore eit steintøft arbeid for seksjonsleiarane, for vi må ikkje undervurdere dei utfordringane som kommunen står overfor, sa Hovde.

Og det var tydeleg at det hadde vorte arbeidd på spreng, for etter at møtet var sett, kom det stadig springande folk frå administrasjonen med nye dokument. Formannskapet fann uansett stoda tilfredsstillande, og valde å tilrå budsjettforslaget.

Budsjettet balanserer på 532 millionar kroner. Då er det lagt inn 11.647 millionar kroner til å dekkje opp tidlegare års underskot. Det er avgjerande for at kommunen skal kome ut av Robek-lista. Det er rekna med 20 millionar kroner i inntekt frå eigedomsskatten, og 7,5 millionar kroner i utbyte og renteinntekter.

Kutt

Budsjettet medfører altså vesentlege kutt. For seksjonane institusjon og heimebasert omsorg er det skrapa til beinet, i barnehageseksjonen vert det firestengt i fire månader. Her håper formannskapspolitikarane at barnehagane kan stengje til ulik tid, slik at det vert overlappingar. Innafor skule er det reduksjon i logopedstilling, frukt og grønt vert kutta frå årsskiftet, og det vert auka betalingssatsar i SFO mellom anna. Generelt er det klar melding om reduksjon i vikarbruken.

Ein lovnad held formannskapet, og det er å gjeninnføre kulturmidlane. Det er lagt inn 500.000 kroner i kulturmidlar, der noko vert bunde opp m.a. i tilskot til Dei nynorske festspela og til 17. mai-tilskot. Det vil vere at 285.000 kroner til fordeling til lag og organisasjonar.

Formannskapspolitikarane registrerte at budsjettet no er i balanse, men ville ikkje drøfte innhaldet. Til det var budsjettet for ferskt for dei.

Kreativitet

– Det har vorte arbeidd godt. Sjølv om det er mykje smertefullt, må det gjennomførast. Får vi organisasjonen med på dette, kan vi løyse ut kreativitet og vi kjem styrkte ut. Eg tek eit atterhald om å kome med endringsforslag til kommunestyremøtet, sa Ola Perry Saure (Sp).

Petter Bjørdal (Ap) sa seg også nøgd med at budsjettet var i balanse.

– Er Vartdal ungdomsskule med i budsjettet? Spurde Bjørdal.

– Ja, og det har det vore heile tida. Det eg har stilt spørsmålsteikn ved, er investeringane for framtida, sa rådmann Wenche Solheim.

Bjørdal varsla også at han og Ap kunne kome med endringsforslag i kommunestyremøtet.

I tvil om prosessen

Hans-Olav Myklebust (Frp) vedgjekk at han har vore it vil om det i det heile ville verte mogleg å røyste over eit budsjett på denne sida av årsskiftet.

– To dagar sidan var eg i tvil om korleis prosessen burde vere framover. Kanskje burde vi vente til januar. I dagens møte har eg opplevd at det har skjedd mykje, og vi har fått avklaringar. Likevel er eg vand med å få utdelt også underlagsmaterialet, og sjå kva som er konsekvensane for dei einskilde avdelingane. No har vi berre grove tal for overordna nivå. Eg er ikkje komfortabel med prosessen, men er likevel tryggare, Eg og Frp vil til liks med dei andre partia bruka dagane fram mot kommunestyremøtet for å få betre kjennskap til forslaget, sa Myklebust.