Scana Propulsion, som Scana Volda er ein del av, har økonomiske utfordringar. Det kjem fram av kvartalsrapporten til Scana-konsernet.

Driftsinntektene i fjerde kvartal utgjorde 73 millionar kroner. Dette er ein nedgang på 35 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2012. EBITDA, altså resultat før skatt og avskrivingar, er på minus 12 millionar kroner.

Driftsinntektene totalt for 2013 utgjorde 347 millionar kroner, med EBITDA på minus seks millionar kroner.

Nedgang

Ordreinngangen var på 79 millionar kroner i fjerde kvartal, og ordrereserven utgjer 155 millionar kroner mot 211 millionar kroner for same tidspunkt i 2012. Det er ein nedgang på 27 prosent.

– Ordreinngangen i kvartalet er svak, og ordrereserven er framleis låg. Forretningsområdet har fått viktige nysalskontraktar i fjerde kvartal, og med det styrkt marknadsposisjonen. Marginane i kontraktane er framleis pressa som følgje av låg global aktivitet, og ledig kapasitet hos utstyrsleverandørane, heiter det i rapporten.

Scana Propulsion omfattar verksemdene Scana Volda, Scana Mar-El og dessutan sørvis- og salskontor i Polen, Singapore, Kina, Brasil og USA.

– Produksjonsselskapa treng framleis nye ordrar for tilstrekkeleg kapasitetsutnytting andre halvår 2014. Scana Mar-El har ein god ordrereserve, men Scana Volda treng fleire ordrar for levering andre halvår 2014, heiter det vidare.

Omstrukturert

Scana-konsernet har omstrukturert for å ta tak i problema. Scana Zamech i Polen er gjort om til ei rein sals- og sørvisverksemd, medan produksjonen av thrusterar er overført til Scana Volda. Oppstarten av thruster-produksjonen i Volda har redusert marginane noko, men han er aukande i nye leveransar, heiter det.

Scana-leiinga har tru på at sørvismarknaden vil ta seg opp i 2014, sjølv om marknaden var svak i fjerde kvartal.

Nyutvikling

Det vert også satsa på nyutvikling.

– Eit nytt propellsystem for supplyskip er levert frå Scana Propulsion til Kleven/Ugland, og vil verte sett i drift i fyrste kvartal 2014. Propellsystemet er av typen kontraroterande med to propellar som vert drivne av effektive og permanente magnetmotorar som roterer uavhengig av kvarandre i same akselline. Det er store forventningar til drivstoff-besparing og låge utslepp som kan gje dette posisjon i offshoremarknaden, heiter det frå Scana-leiinga.

Svak marknad

Scana vurderer marknaden for Scana Propulsion sine kjerneprodukt for framleis å vere svak.

– Selskapet har likevel ei interessant prospektliste, og har auka marknadsinnsatsen, då spesielt i Kina. Der er fleire nysalskontraktar inngått i kvartalet, går det fram av kvartalsrapporten.

Scana Propulsion har dessutan tru på at kjernemarknaden innan ankerhandteringsfarty vil ta seg opp att i 2014.

– Marknaden for sørvis og reservedelar er også venta å få ein positiv vekst framover, heiter det frå konsernleiinga.

Resultatet før skatt for heile Scana-konsernet var før skatt på minus 259 millionar kroner i 2013. I 2012 var resultatet før skatt på minus 163 millionar kroner.