Våren 2015 vil Ørsta truleg vere ute av Robek. Då kan kommunen meir styre seg sjølv igjen.

– Dette er i sterk kontrast til kommunane rundt oss, der vi ser at mange må gjennom hestekurar, sa rådmann Wenche Solheim i Ørsta kommune då ho torsdag presentere budsjettforslaget for 2015 for kommunestyret og dei administrative leiarane i kommunen.

Reduserer driftsnivået

Rådmannen gjekk ikkje i detaljar i presentasjonen, men poengterte at også 2015 vert eit tøft år. Dramatiske kutt vert det ikkje, men kommunen reduserer driftsbudsjettet på mellom ein og to prosent samanlikna med årets drift etter at det er justert for prisstiging.

Likevel, det rådmannen la mest vekt på er at fleire år med stram økonomistyring no ser ut til å gje resultat.

– Med fjorårets overskot i drifta og at vi i år ser ut til å greie å halde budsjetta, vil vi greie å dekkje opp tidlegare års underskot i år. Komande år budsjetterer vi ingenting til dette føremålet. Det vil seie at vilkåret for å kome oss ut av Robek-lista er til stades, og eg reknar med at vi er ute i løpet av året 2015, sa rådmannen.

Det vil seie at Ørsta får større økonomisk handlefridom. Som Robek-kommune er Ørsta no i prinsippet underlagt statleg styring. Det er m.a. ikkje lov å ta nye låneopptak.

Lojalitet og eigedomsskatt

Rådmannen peika på nokre hovudårsaker til at Ørsta no kjem seg ut av Robek-lista, eitt år før planlagt. Mellom desse er lojalitet blant dei tilsette til å gjennomføre harde sparetiltak, eit målretta arbeid for å betre strukturar og organiseringa av drifta av kommunen – og innføring av eigedomsskatt.

– Vi har gjennomført ein kraftig snuoperasjon. Framover må vi framleis arbeid hardt og smartare. Eg vil takke kommunestyret for dei vedtekne strukturendringane, og særleg for innføringa av eigedomsskatt. Det har vore avgjerande for at vi dekkjer inn tidlegare års meirforbruk allereie i 2014. Eg er glad for at eigedomsskatten er vidareført fram mot 2018 sjølv om han etter økonomiplanvedtaket ver redusert. Alle, politikarar og tilsette, har teke ansvar. Vi har vist stor omstillingsvilje. Eg veit at det har gjort vondt, og eg er glad for den store lojaliteten som er synt blant dei tilsette, sa rådmannen.