I november vart det opna konkurs i FB samdrift i Bondalen. No ser det ut til at selskapet likevel vert halde oppe.
– Ja, det ligg an til at det vil skje ei tilbakelevering av buet til skyldnar, og at selskapet såleis er levedyktig, seier bustyrar Thore Heggen til Møre-Nytt.
Fellesskap
I midten av november vart det opna konkurs i samdriftsselskapet etter at eigarane i fellesskap kom fram til at dei var insolvente, og at rekneskapen ikkje gjekk opp.
Etter drøftingar med Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som er største kreditor, ligg det føre ei løysing som inneber at samdrifta likevel ser ut til å ha livets rett, og at banken har fått ei løysing han kan leve med.
– Difor ligg det no an til ei tilbakelevering av buet, noko tingretten skal ta stilling til. Eg skal avslutte buet og sende det inn i neste veke, fortel bustyrar Heggen.
Han er tilfreds med den løysinga som vart klar før skiftesamlinga vart halden i Volda før jul.
Då samdrifta vart starta i 2009 var det investert 10 millionar kroner i ho.