– No vart eg nesten andektig, sa ordførar Stein Aam då han delte ut plaketten som provar at Hovden Møbel er eit miljøfyrtårn.

Og det hadde han kanskje grunn til. Det er nemleg ikkje ofte Ørsta kommune deler ut slike plakettar. Hovden Møbel er berre den sjuande bedrifta i kommunen som blir sertifisert som miljøfyrtårn.

- Vi har nok ein jobb å gjere, ikkje minst i kommunen. Det er ingen kommunale bygg eller verksemder som er miljøfyrtårn i dag, seier Aam. Det var ikkje eit vanskeleg val for Hovden Møbel å satse på å bli miljøfyrtårn, fortel dagleg leiar Lisbeth Hovden Nilsen.

- Vi har lenge vore ei miljømedviten bedrift, og det gjorde det nok enklare for oss å gå inn på dette sporet. Vi oppdaga at vi gjorde mange av dei rette tinga allereie, det handla i stor grad om å innarbeide dei rette systema og rutinane. Miljøfyrtårn-bedrifter arbeider systematisk med å gjere gode miljøtiltak i kvardagen. Det handlar om korleis dei reiser, kva slags papir dei kjøper inn, korleis dei handterer avfall og mange andre ting.

Krev

- Det krev litt av bedrifta å bli miljøfyrtårn, men det må til for at det skal ha ein effekt. Men det skal ikkje vere umogleg, seier miljøvernrådgivar Magnar Selbervik i Ørsta kommune.Hovden Møbel må no levere miljørapportar kvart år, og fyrtårnstatusen må resertifiserast kvart tredje år. - No har vi fått på plass systema for dette, og då er det ikkje mykje arbeid. For oss handlar dette om at alle må gjere ein innsats for miljøet, og dette er vårt bidrag, seier Hovden Nilsen.

Ho rettar ein stor takk til Enøksenteret i Hovdebygda, som har vore konsulentar i Hovden Møbel sitt arbeid med å bli miljøfyrtårn.Miljøfyrtårn-status er meint for små og mellomstore verksemder. Større verksemder, som til dømes Vik Ørsta, har eigne sertifiseringsordningar. Dei seks andre verksemdene med miljøfyrtårn-status i Ørsta er Enøksenter, Hjørundfjord Fjordservice, Hotel Union Øye, Princess-butikken på Amfi, Vinmonopolet og Ørsta vidaregåande skule.