– Vi kan no glede oss over at uteområdet ved Folkestad Livsgledebarnehage er så og seie ferdig opprusta. Og no vert det fest!

Det seier Sunniva Seim Flote, ein av pådrivarane for å få ordna og oppdatert uteområdet ved barnehagen på Folkestad der forholda lenge har vore under ein kvar kritikk.

Uteleikar

– Nye leikeinstallasjonar er komne opp og godkjende for bruk, vatn og elektrisitet er lagt ned til ny utstyrsbrakke for uteleikar, og stemningsfull belysning er på plass, seier Seim Flote.

Foto: Privat

Ho fortel at ein enorm dugnadsinnsats ligg til grunn for at dei no kan feire.

Årsverk

– Drivkrafta har vore hjå ei særs engasjert og ambisiøs foreldregruppe. Samla dugnadstimetal brukt på prosjektet har garantert passert eit årsverk. Vi har fått med oss både lokalt næringsliv og kommunen på laget, og visjonen om uteområdet har blitt ein realitet, seier Seim Flote.

Foto: Privat
Foto: Privat

No vert det oppdaterte uteområdet feira med ein skikkelig folkefest på Folkestad i samband med julegrantenninga 3. desember.

Ordføraren

Ordføraren i Volda er invitert til snorklipping under markeringa ved barnehagen der det også vert korpsmusikk.

Etter dette fest i gymsalen i kulturhuset med innslag frå korps, kor og barnehagebarn. Og så vert det kaffi, kake og sjølvsagt også åresal som seg hør og bør på ein skikkeleg bygdefest.