På avdeling «Klatremus» i Barnas Vel barnehage er dei totalt 14 nasjonalitetar fordelt mellom dei 24 barna og dei tilsette. Fredag markerte dei FN-dagen som er 24. oktober, med internasjonal lunsjbuffet.

– Vi prøver å gjere det til ein tradisjon, fortel Tone Moe på avdelinga.

Fleire av ungane hadde fått med seg mat heimanfrå. Der var pirogar frå Polen, kjøttbollar frå Ecuador, ris og kylling frå Iran, nudlar frå Filippinane, sjokoladepålegg frå Nederland, og sjølvsagt traust, norsk mat som lefse, laks og svele.

– Her har vi ulike kulturar rundt same bord og ulike kulturar samla på same fat, kommenterer Ina Oltvoort.

Ho jobbar også på «Klatremus», og kjem frå Nederland. Ho brukte samlingsstunda før matøkta til å fortelje borna om dei mange ulike kulturane i verda, ved hjelp av ein liten playmofigur som spaserte rundt på ein stor badeball med verdskartet på seg.

– Det finst kalde land og varme land, og overalt bur der ungar. Mange går i barnehage slik som de gjer, og alle er like forskjellige som det vi er. Det som er kjekt er at alle kan vere vener, sjølv om vi kjem frå ulike stader og har ulik bakgrunn, skildra ho til lydhøyre små øyre.

I 2015 vert det markert at det er 70 år sidan FN (Forente Nasjoner) vart oppretta. I 1945 var det 51 land som skreiv under ein avtale om å arbeide for internasjonal fred og sikkerheit, og å utvikle venskaplege relasjonar. I dag har organisasjonen 193 medlemsland.

På avdeling «Klatremus» veit dei godt kva det vil seie å vere ulike, men like på same tid. For dei er det slik det skal vere. Det er normalen.

– Dei er ein ny generasjon som veks opp saman. Å starte tidleg med å forstå kvarandre og kva som er unikt med kvar enkelt, er viktig, seier Tone Moe.

Det var truleg dårleg med middagsinntaket på «Klatremus-gjengen» etter enda barnehagedag fredag. For internasjonale rettar gjekk ned på høgkant. Alle hadde sin favoritt frå heimlandet, med ein fellesnemnar i det norske.

– Lefse! seier Daniel Høydalsvik, og får støtte frå til saman 14 nasjonalitetar.