Reglane for når eit barn har rett på barnehageplass er nedfelt i Barnehagelova. Alle barn har rett til å få plass i barnehage etter søknad det året dei fyller eitt år, ifølgje barnehagelova § 16. Dette gjeld så lenge dei er fødde frå og med januar til og med november.

– Dette gjer at barn fødde i desember får langt kortare tid i barnehagen enn andre. Frå før veit vi at desemberbarna også har større sjanse for å bli hengande etter på skulen fordi dei er yngst når dei byrjar der. Eg meiner vi må sikre desemberbarna rett på like lang tid i barnehagen som andre barn, seier lege og stipendiat Ellen Øen Carlsen ved Folkehelseinstituttet (FHI) til Nynorsk pressekontor.

Mindre oppfølging

Dei fleste barna som byrjar i barnehagen går to år på småbarnsavdeling. På ei slik avdeling er det fleire vaksne per barn enn det er på storbarnsavdelingar. Det er tida på småbarnsavdelinga, med tettare oppfølging frå vaksne, desemberbarna får mindre av enn andre.

– Dei blir flytta til storbarnsavdeling allereie etter eitt år. Andre barn får to år på småbarnsavdelinga. Desemberbarna mistar viktig oppfølging, seier Øen Carlsen.

Uante konsekvensar

Øen Carlsen meiner tida er overmoden for å greie ut om ein bør endre lovverket og la desemberbarna starte i barnehagen det året dei fyller eitt år.

– Vi veit ikkje veldig mykje om kva tida i barnehagen betyr for barn. Men det har blitt gjort testar som viser at barn med lenger tid i barnehagen har betre språkleg utvikling enn dei med kortare tid der.

– Dessutan er det slik at dei som går i barnehagen har rett på pedagogisk oppfølging frå dag ein. Det betyr at desemberbarna òg får mindre av det før dei byrjar på skulen, avsluttar Øen Carlsen.

Har bestilt undersøking

Det er Kunnskapsdepartementet som har ansvaret for barnehagane i Noreg. Dei kan ikkje love gjennomgang av barnehagelova no.

– Regjeringa vil heile tida vurdere om det er behov for endringar i regelverket, mellom anna knytt til rett til barnehageplass. I ei slik vurdering må ein også ta omsyn til at det er kostbart å utvide retten til barnehageplass, opplyser statssekretær Kjetil Vevle i Kunnskapsdepartementet i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Ifølgje departementet har løpande barnehageopptak tidlegare blitt rekna til å ha ein kostnad på 6,6 milliardar kroner.

Departementet opplyser vidare at mange desemberbarn får barnehageplass når dei er eitt år trass i reglane:

«Barn kan også få barnehageplass sjølv om dei ikkje har rett på det. Om lag halvparten av barna fødd i desember byrjar i barnehagen månaden dei fyller eitt år, sjølv om dei ikkje har rett til plass. Det har òg vore ein auke blant barn som er yngre enn eitt år. Det er kommunane som vel om ein vil gi eit tilbod om dette.»

For å få meir kunnskap om bruk av barnehage blant ulike grupper har Kunnskapsdepartementet bestilt ei ny barnetilsynsundersøking frå Statistisk sentralbyrå. Ho blir lagt fram til hausten.

(©NPK)