I samband med årsmøtet til Møre og Romsdal Frp ynskjer Ørsta Frp å få vedteke ei fråsegn der regjeringa vert bedne om å vidareføre pelsdyrnæringa.

Då regjeringsplattforma til regjeringa vart presentert førre søndag, kom det fram at regjeringa går inn for ei styrt avvikling innan 2025. Dette punktet var det partiet venstre som forhandla fram.

– Det er for tida om lag 245 pelsdyrgardar i drift i Noreg. Verdien av den norske pelsskinnproduksjonen har variert mellom 207 og 485 millionar kroner pr. år sidan år 2000. I 2015 var det totalt 316 årsverk i næringa. I tillegg sysselsette næringa 100 personar i produksjon og distribusjon av pelsdyrfôr. Det norske regelverket for dyrevelferd reknast som blant dei beste i internasjonal samanheng.

Norsk pelsdyrnæring medverkar til å halde distrikts-Noreg i gang. I bygder som Norangdal i Ørsta, der tre av sju gardsbruk driv med pelsdyr, er dette avgjerande for livsgrunnlaget. Tek vi vekk denne næringa, er det døden for Norangdal, heiter det i fråsegna frå Ørsta Frp.

Dei peikar på at det har vore lite å utsetje på dyrevelferda hos dei lokale pelsdyrfarmarane.

– Det vil vere svært uheldig om ein landbruksminister ifrå Framstegspartiet skal stå for avviklinga av ei trygg og god næring som omset for fleire hundre millionar kroner i året. Det vil ta livsgrunnlaget ifrå mange bønder rundt om i landet. Spesielt skadeleg vil det bli for distrikta, heiter det i fråsegna.