Etter å ha teke utdanning i Bergen og sist hjå Bergen Hudpleieskule, har ørstingen Marita Straume Engjaberg no flytta heim att til Ørsta og opne Velværeklinikken i Kyrkjegata. Vis a vis Svendsengarden satsar ho på eiga verksemd med mellom anna ulike typar andletsbehandlingar, aromaterapibehandling, Kroppsbehandlingar, hårfjerning, pedikyr og manikyr. Aromaterapi skal kunne nyttast til ei rekke plager og sjukdomar, både fysiske og psykiske. Aromaterapi skal kunne ha innverknad på sjukdom, og denne behandlinga er brukt ved stressrelaterte sjukdomar, hormonelle problem, kvinneproblem som PMS, problem i samband med overgangsalder, reumatiske plager, hudproblem, smerter i musklar, luftvegsproblem, angstproblem, søvnproblem, hovudpine, fordøyelsesbry, under og etter graviditet og ved depresjonar. Der er også aromaterapeutar som meiner at dei eteriske oljane i aromaterapi kan ha ein antibakteriell verknad og fremje sårlæking.

Skapte eigen

– Det er ikkje så lett å få seg jobb alltid, så då får ein prøve å skape sin eigen arbeidsplass. For meg var dette med aromaterapi og massasje eit naturleg val. Mora mi, Iris Straume, har også drive i denne bransjen. Eg synest det er kjekt å kunne hjelpe folk gjennom å gje behandlingar og massasjar, seier Marita Straume Engjaberg.

Utdanning

For ti år sidan tok ørstingen utdanning som aromaterapeut og i juni 2016 var ho ferdig utdanna hudterapeut.

– Å drive ein velværeklinikk er spennande. Eg opna 3. desember og har så langt fått ei god mottaking. Produkta eg nyttar er frå Maria Åkerberg og er økologiske og produsert i Sverige. For meg er det eit viktig poeng at dei produkta eg nyttar ikkje skal innehalde stoff som gjennom langvarig bruk kan skade oss. Det er betre å bruke økologiske produkt, meiner drivaren av Velværeklinikken i Ørsta.

Klinikk: – Så langt har eg fått ei god mottaking etter at eg opna ein klinikk i Ørsta sentrum, fortel Marita Straume Engjaberg, som driv Velværeklinikken i Kyrkjegata. Foto: Privat Foto: Roy-Arne Folkestad