– Vi har hatt ein tradisjon med ein «gå-ut-kveld» onsdagen i påskeveka. Denne tradisjonen held vi fram med, og i tillegg har vi to ekstra dagar med arrangement, fortel Bjarne Rekkedal, som saman med kona Margrethe er vertskap på Rekkedal gjestehus.

Skjærtorsdag, frå ettermiddagen av, inviterer Rekkedal gjestehus til familiemiddag, og der er det allereie fleire som har tinga bord, og som vil ha med borna sine.

– Og Langfredag inviterer vi båtfolket i Ørsta og på Sæbø spesielt. Det vert bein uformell festmiddag i fjøset, med mykje god grillmat, fortel Rekkedal,

Han poengterer at det vert tre heilt ulike menyar desse kveldane, og vertskapet stiller seg dessutan disponible til å ta med gjester på ei omvising i tunet om dei ikkje har vore på Rekkedal gjestehus tidlegare.

– Vi opplever at stadig fleire tek turen til området vårt, også i påska, og vi kjenner eit ansvar for å gje dei eit tilbod viss dei ynskjer å gå ut.

Rekkedal gjestehus ordnar med transport, men då må dette tingast på førehand.