Ifølgje tiltalen mot mannen fann køyringa stad i Volda i desember i 2016 på dagtid. Mannen køyrde ein personbil og vart målt til å halde ei gjennomsnittsfart på 128,83 km/t. Fartsgrensa i måleområdet var 80 km/t. Ifølgje tiltalen vil påtalemynde legge ned påstand om tap av førarretten for mannen.

Saka skal handsamast i Søre Sunnmøre tingrett i starten av april.