Ein fiskar som drog garn i Ørstafjorden denne veka fekk uvanleg fangst.

Det er snakk om ein St. Petersfisk. Dette er ein art som held til i sørlegare farvatn,men som har blitt stadig oftare observert på norskekysten. Men det er helst på sommarstid, då sjøtemperaturen er høgare.

St. Petersfisken er elles ein god matfisk, i følge ekspertar.

I tillegg var det ein laks i garnet, men sidan det var oppdrettslaks kan det ikkje kallast nokon sensasjon.