Kommuneoverlege Arne Gotteberg er ukjend med at det skal vere eit krav om at flyplasskommunane skal ha ei eiga smittevernvakt.

Det er statsminister Erna Solberg som gjennom VG har sagt at alle kommunar som har ein flyplass skal ha ei smittevernvakt som skal kunne rykkje ut dersom det kjem folk med ebola-smitte.

I følgje VG skal alle kommunar med flyplassar ha fått melding om dette.

Men dette er heilt ukjend for Gotteberg.

Ingen informasjon

– Dersom det er slik, må eg diskutere med rådmannen kva som skal leggjast i dette. Eg har ikkje fått noko informasjon frå Folkehelseinstituttet om at det skal vere ei slik ordning, og skal no bruke dagen i dag og morgondagen for å finne ut av dette, seier Gotteberg.

Han poengterer at kvar einaste kommune i landet har krav på seg om å ha ein smittevernberedskap.

– Det har kommunane hatt i lang tid, og i alle fall sidan smittevernlova kom. I Ørsta og Volda er det eg som kommunelegeoverlege som har dette smittevernansvaret. Dessutan har eg utnemnd ein vikar for smittevern både i Ørsta og Volda. Desse namna er oppgjevne både til fylkeslegen og til AMK-sentralen, fortel Gotteberg.

Smittevern

– Det ligg ikkje i denne ordninga at det skal vere døgnkontinuerleg beredskap. Viss det no er slik at flyplasskommunane skal ha ei døgnkontinuerleg vakt, må eg ta dette opp med rådmannen. Det er Ørsta som formelt er flyplasskommunen, men eg ser føre meg at ei eventuell smittevernvakt knytt til flyplassen kan vere ei ordning felles for Ørsta og Volda, seier Gotteberg.

Ørsta og Volda fekk for nokre år sidan testa smittevernberedskapen i samband med faren for svineinfluensa.

– Då vart det gjort mykje godt smittevernarbeid, og eg vil tru at mykje av det vi gjorde då kan vi hente fram no, seier Gotteberg.