Hendinga fann stad i januar 2013. To vitne observerte mannen i ein uregistrert bil, og tok kontakt med politiet. Rundt ein time seinare kom politiet til bustaden til mannen, og han vart teken med for blodprøvetaking. To prøver viste promille på 2,12 og 1,98.

Retten ser det som bevist utover kvar og ein tvil at mannen førte ein bil medan han var påverka av alkohol. Dei ser heller ikkje ein teoretisk mulegheit for at det var nokon andre enn mannen som førte bilen. Mannen vert dømd til fengsel i 35 dagar, og vert vidare dømd til ei bot på 10.000 kroner. Han har og fått sperrefrist på to år på å ta førarkort.

Mannen var og tiltalt for naskeri av øl frå ein butikk i Ørsta, men vart frifunnen på dette punktet.