Gjennom mange år har tilbodet om babysong vore der for småbarnsforeldre i Ørsta. I år har Ørsta kulturskule og Frivilligsentralen samarbeidd om babysong og barnetreff, og tilbodet har vore gratis.

– Vi følgjer skuleåret, og har hatt babysong og barnetreff på torsdagar i femten veker. Kulturskulen og frivilligsentralen deler på utgiftene, og tilbodet er veldig populært, seier Brita Høydal i Ørsta kulturskule.

Populært tilbod

Torsdag denne veka var det juleavslutning, og dei små var pynta med nissehuer, og eit lite juletre var plassert i midten av songsirkelen. Medan babysongen starta i lokala til kulturskulen var leiar Ottar Kvien i Frivilligsentralen i gang med å steike vaflar og koke kaffi til barnetreffet i første etasje.

– Det er mange som har vore innom i haust, og eg har høyrt fleire som har sagt at dette er høgdepunktet i veka, seier Kvien.

Babysongen og barnetreffet skal vere eit lågterskeltilbod. Etter ein auke i prisen i fjor dabba interessa litt av, men med eit gratis tilbod i år har interessa monaleg auka.

– For småbarnsforeldre så er det godt å kome seg ut, og her får dei brukt seg sjølv gjennom enkle aktivitetar med ungen. Gjennom song og bevegelsar får dei også god kontakt med ungen. Sidan dei små ikkje kan prate følgjer dei meir med på lydane og bevegelsane, og det er også godt for foreldra å vere med. Her er unge jenter og godt vaksne damer som er med, og fedrekvoten er større no enn før, seier Høydal som er musikkterapeut.

Barnet i fokus

Babysongen skal vere ei god oppleving for både born og foreldre, med barnet i fokus.

– Ein skal ikkje prestere noko her. Ungane får brukt sansane sine, og følgje godt med. Rytmeegga vi har er veldig populært, og foreldre som er her får også repetert voggesongar og kjende barnemelodiar. Det er nok av møteplassar der ein pratar over hovudet på ungane, men her er ungen i fokus og med på aktivitetane. Babysongar er eit stort og spennande felt, og det er noko som foreldra kan ta med seg heimatt og prøve ut med ein gang, seier Høydal.

– Positivt tiltak

Etter nesten ein time med aktivitet er det mange små auger som byrjar å verte trøtte, og små magar som gjerne vil ha mat. Då står vaflane og kaffien og ventar i første etasje for dei vaksne, og praten startar. Foreldra som var med på juleavslutninga er alle einige om at dette er eit kjempeflott tilbod, og ein kjekk stad å møtast.

– Det kan verte lange dagar heime, og då er det kjekt å kunne kome hit. For meg som også er innflyttar så er det også ein stad der eg kan treffe mange som er i same situasjon, seier Inger Lise Bringsvor.

For dei frammøtte har tilbodet vorte nytta for første gang i år, og dei trivast såpass godt at dei vonar at tilbodet held fram.

– Tidlegare har det kosta såpass mykje at vi ikkje har hatt råd. Sjølv kor kjekt det er så har det ikkje vorte prioritert. No når tilbodet har vore gratis, har det kome fleire. Det er eit positivt tiltak som vi vonar held fram, seier Jeanette Viken.

– Kjem til å halde fram

Babysongen og barnetreffet har søkt om prosjektmidlar for å kunne tilby eit rimeleg tilbod også til neste år.

– Det er ei stund der foreldra og ungane er i aktivitet og har god kontakt. Det skal vere veldig enkelt og alle kan vere med, og vi kjem til å halde fram, seier Kvien.

Mats Homberset kosar seg på babysong.
Babysongen og barnetreffet har vorte eit populært tilbod, og som mange har von om held fram.