Talet på personar med høgare utdanning har auka vesentleg i Noreg sidan 1985. Samstundes har gruppa med berre grunnskule vorte mykje lågare.

– Sjølv om innbyggjarane sitt utdanningsnivå endrar seg lite frå år til år, ser vi at det i eit tidsperspektiv har vore store endringar her i Noreg, seier Anne Marie Holseter. Ho er seniorrådgivar i SSBs seksjon for utdanningsstatistikk.

Vi har samanlikna tabellane frå 1985 med talet frå fjoråret, og ser at endringane vert attspegla også i Volda og Ørsta kommunar.

Stor nedgang

– Den største endringa i Noreg finn vi i delen med grunnskule som høgaste utdanning. I 1985 hadde nesten 46 prosent av innbyggjarane over 16 år dette utdanningsnivået. I fjor var delen komen ned i 28 prosent, fortel Holseter.

Stor nedgang har det også vore i Volda kommune. Tilbake i 1985 var det 42,6 prosent av innbyggjarane over 16 år som berre hadde grunnskule. No er delen berre på 23,7 prosent. Delen med berre grunnskule i Volda er såleis ein del mindre enn i resten av landet.

Grunnskule i Ørsta

I Ørsta kommune i 1985 var det 46,6 prosent av alle over 16 år som berre hadde grunnskule, mens det i fjor var kome ned i 30,3 prosent.

I heile Møre og Romsdal finn vi at delen med berre grunnskule som utdanning låg på 29,5 prosent i fjor.

Stor auke

– Vi ser den motsette tendensen i delen med høgare utdanning. I denne perioden har nemleg delen med høgare utdanning stige frå 13 til nesten 30 prosent, fortel Holseter.

Tre av ti nordmenn har altså høgskule eller universitetsutdanning. I desse tala vert både kort og lang (over fire år) utdanning rekna.

Høgare utdanning i Volda

I Volda kommune er delen innbyggjarar med høgare utdanning på  34,4 prosent. På midten av åttitalet var delen berre på 15,7 prosent så det har vore ein stor auke også her. Ingen andre kommunar i Møre og Romsdal har større del høgt utdanna enn Volda.

I Ørsta kommune er delen på 23,5 prosent, som er eit godt sprang frå 9,6 prosent i 1985. I Møre og Romsdal er det 24,4 prosent av befolkninga over 16 år som har slik høgare utdanning no.

Volda kommune er å finne heilt oppe som nummer 16 blant Noregs 428 kommunar. Ørsta er nummer 124.