I desember starta VTI fotball opp med sal av andelar i Mørehallen. Dei ymse laga i klubben har gjort ein god jobb, og det nærmar seg 300.000 kroner.

– No går vi også ut til firma for å selje, og dei kan få logoen sin på rutene dei kjøper. Dette har vi gode von til. Det har vore fantastisk god jobbing i dei ulike spelargruppene, og det har vore gode opplevingar med å vere ute å møte folk. Det er framleis ruter igjen, og salet vil halde fram til hallen opnar, seier Vatne.

No håpar hallgruppa at engasjementet for Mørehallen også er til stades i næringslivet.

– Det har gått kjempebra til no, og det har vore eit stort engasjement. Vi håper at vi ser det same engasjementet frå det lokale næringslivet.

Etter planen skal Mørehallen opne 17. mai i år, men før hallen vert opna vert det også arrangert i fest.

– Vi skal ha ein kjempefest i Voldahallen 12. april. Her vert det familiekonsert som seinare går over til eit dansearrangement. Vi satsar på at det vert ein folkefest, seier Vatne.