Det er arbeidsmiljøutvalet i kommunen som har kome med forslaget til prisen. Prisen skal tildelast internt til einingar i kommunen sin eigen organisasjon, men han skal delast ut på kommunestyremøtet i desember saman med kulturprisen og næringsprisen. Prisen skal vere på 10.000 kroner.

– Honorere gode tiltak

– Gjennom utdeling av arbeidsmiljøprisen i Ørsta kommune ynskjer rådmannen å vise at kommunen vil løfte fram og honorere dei gode tiltaka for godt arbeidsmiljø i kommunen. Prisen vert også løfta fram som viktig når den vert tildelt saman med andre utmerkingar på kommunestyret sitt møte i desember. Kommunestyret er det fremste arbeidsgjevaren, og det er viktig at dei folkevalde tek del i utmerkinga, kommenterer rådmannen i saksutgreiinga.

Overføringsverdi

Kven som skal få prisen skal verte vurdert ut ifrå helsefremjande tiltak som syner resultat, godt IA-arbeid, arbeidsmiljøkartlegginga, auka nærvær og overføringsverdi til andre.

Dei ymse einingane i kommunen kan foreslå andre einingar eller seg sjølve, og det skal leggjast fram ei grunngjeving for forslaget.