Formannskapet i Volda har bede rådmann Rune Sjurgard om å ta initiativ overfor Ørsta kommune med sikte på å etablere reservevassforsyning for Volda med samankopling av leidningsnett og anna tilhøyrande infrastruktur i Furene.

Dersom det er vilje til å gjennomføre tiltaket i begge kommunar, vert rådmannen beden om å legge fram sak til politisk handsaming.

Det er tidlegare frå Volda si side teke fleire initiativ om ei samankoplinng av vassverka i dei to kommunane. Anten har Ørsta sagt nei, eller har vist lite vilje til å samtale om saka.