- Eg er overvelda! Eg fekk eit innfall i dag om at eg måtte spele Lotto og leverte inn ein kupong, fortell ein nøgd trebarnspappa.

Han seier han ønskjer å bruke pengane på hus og familien.

44-åringen leverte inn vinnarkupongen på Eurospar i Ørsta laurdag klokka 14.25. Det angrar han ikkje på.

Tre vinnarar

Tre personar kunne i kveld innkassere 3,8 millionar i Lotto frå Norsk Tipping.

Dei to andre er ein 56-åring frå Fredrikstad og ein 47-åring frå Gauldal.