Juryen grunngir avgjerda mellom anna med at Ørsta er den av søkjarkommunane som viser størst breidde i sine satsingar og tiltak for å fremje bruken av nynorsk.

Nøgd ordførar

Ordførar Rune Hovde var i Oslo for å ta i mot den gjeve prisen på 100.000 kroner og eit bilete av grafikaren Terje Risberg.

– Eg er fantastisk stolt over dette. Om det var eit år vi skulle søke om denne tittelen, så var det i år, med Språkåret og Ivar Aasen sin 200 års dag.

Hovde meiner Ørsta er ein verdig vinnar.

– Ein ting er at vi er heimstaden til Ivar Aasen, men det er viktig å vere meir enn det. I søknaden har vi dokumentert eit målbevisst arbeid for å fremje nynorsken i alt frå barnehagar, skular, i næringslivet og i kommunen. Det ligg ei stoltheit bak, seier Hovde.

Ekte engasjement

Dette har også juryen notert seg. Dei seier som Hovde, at kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet om bruk av nynorsk.

– Ørsta satsar både på opplæring av tilsette og etterfølgjande oppfølging i det daglege arbeidet, og kommunen nyttar aktivt sin målbruksplan som basis for dei ulike tiltaka. Juryen har også merka seg at Ørsta kommune viser eit ekte engasjement i høve til mållova ved å seie tydeleg frå til dei offentlege instansane som bryt lova i sin korrespondanse med kommunen.

Marknadsføring

Rune Hovde rosar særleg Terje Kjøde og Jostein O. Mo som var med og danna eit solid grunnlag for søknaden om å verte årets nynorskkommune.

– Det var naturleg at vi skulle klare dette, men det har ikkje kome av seg sjølv. Dette er noko vi har jobba for å få til. No er eg veldig glad.

Ørsta er ei av 428 norske kommunar, og å skilje seg ut er ikkje alltid så lett.

– Dette er noko vi vil profilere oss på vidare, at vi vart årets nynorskkommune i Språkåret 2013. Vi skal ikkje vere redde, men stolte over å vere nynorskbrukarar.

Det er kommunal- og regionaldepartementet som har delt ut prisen sidan 2009. Tidlegare vinnarar er Stord kommune, Seljord kommune, Fjell kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Juryen vurderte fleire kandidatar. Det var, i tillegg til Ørsta, Nissedal, Radøy, Vågå, Valle, Ulstein, Sveio og Jølster.