Mest heile 1. juledag var det ein kraftig synnavind over dei nordlege og austlege delane av Ørsta kommune. På det jamne var det ein sterk kuling, og vindkasta var kraftige.

På Tryset i Bondalen reiste taket av ein garasje. På Nordre Vartdal måtte det ein bergingsaksjon til for å sikre eit lødetak. I samband med dette vart ein mann skadd i handa, og han vart sendt på sjukehus. Der vart det konstatert brot i tommelen. Mannen opplevde at løedøra mest kappa handa av han i eit vindkast då han febrilsk såg etter verkty for å hindre taket i å reise, og døra slo att over handa.