Per Moe var mellom dei første kundane då bakeriet på Sæbø torsdag opna førjulssalet sitt. Moe delte bord med Ingvild Åmbakk. Også ho var begeistra.

– Ein smakar verkeleg at det er heimelaga det dei styrer med her, rosar Åmbakk.

Utval

Kanutte, eller Nutte som ho vert kalla, fortel om eit godt utval julekaker.

– Vi har sirupsnittar, sandskorper, berlinerkransar, tørrvafler, potetemelstoppar og krumkaker. Og tre av dei er glutenfri, seier Kanutte. Julebrød høyrer også med julekolleksjonen, i tillegg til Ørstabrød, rundstykker, skulebollar og meir.

Hemmelegheita bak dei populære bakarvarene er gode, gamle oppskrifter og steiking i steinomn.

– Det er litt moro når vi får telefonar frå folk i Ålesund som spør om vi har opna, og som vil ta turen for å handle, humrar Kantutte.

Bakeriet har ope frå måndag til laurdag fram til jula.