Slåst i Volda

Klokka 01.34 fekk politiet melding frå Volda om at ein person i 20 åra slo til to andre personar på same alder. Dei fornærma fekk skader i tennene, og den skuldige vil verte meldt til politiet.

Pinnerakett i Ørsta

Klokka 01.35 vart to personar i 20 åra, heimehøyrande i Ørsta, observert berande på ein pinnerakett. Denne tok politiet frå dei, og dei kunne også orientere om at det ikkje var nyårsaftan, og at det ei heller er lov å skyte opp denne typen rakettar, melder politiet i loggen sin.

Framande på døra

Klokka 02.41 ringde ein person i 40 åra frå Volda og klaga på at ein for henne ukjend person stod og banka på døra hennar. Då politiet kom til staden for å jage personen vekk, hadde personen sjølv forlate staden.