Allereie klokka 04.30 om natta byrjar arbeidsdagen for sjåfør Tor Helge Henningsen frå Ålesund. Med lastebilen full av postkonteinerar går kursen mot omdelingssentralen i Hovdebygda med dagens første pakketransport. Pakkar til adressatar i Ørsta og Volda vert lossa av, og straks vert nye pakkar med adressatar på Selje, Stadlandet og Fiskå lasta på. Det heile er unnagjort på ein halvtime. Posten skal fram, særleg no i julestria.

– Det går i full fart. Det er travelt. Travelt, men morosamt, smiler Henningsen, medan han lastar enno ein postkonteinar på jekketralla.

Mykje å gjere

Inne på omdelingssentralen vert titusenvis av brev og pakkar sortert vidare ut mot adressatane gjennom eit effektiv system i desember. I høgt tempo finn dei lokalkjende tilsette rett postrute til pakkar og brev. Den siste veka har volumet auka monaleg, og komande veke er det venta fullt kjør for dei tilsette.

– Vi merkar det byrjar drage seg litt på før jul, men det er berre godt å ha mykje å gjere. Vi har inne ekstra folk no. Heldigvis har vi ein del timelønte vikarar som brukar å arbeide fast laurdagane, som har mulegheit til å stille opp i vekene no. Det bergar oss, seier avdelingsnestleiar Oddbjørn Mork på omdelingssentralen.

Færre julekort

Trass mykje post før jul, er mengda minkande, kan han fortelje.

– Det er ikkje slik det var for 10–15 år sidan. Til dømes er det minimalt med julekort no. Det skriv ikkje folk lenger. Det er no om lag ein femtedel av mengda det var for femten år sidan. I staden aukar mengda av pakkar.

Fristen for å levere inn brev og pakkar og vere sikker på at dei kjem fram til jul, er 16. desember.

– Vi køyrer ut post på julaftan også. Det er slik at postboda kjenner pinnekjøtlukta når dei er ute på rutene, seier Mork.

Tok over for Stryn

I Hovdebygda er det i dag 25 årsverk, men til saman opp mot førti tilsette i mindre stillingar. I ein overgangsperiode er det i tillegg ekstra mykje å gjere, då omdelingssentralen i Hovdebygda nyleg tok over arbeidet frå sentralen i Stryn.

Even Humberset sorterer pakkar til dei forskjellige postrutene. Foto: Kjell Arne Steinsvik