Ørsta/Volda var favorittar mot Vikhammer 2 søndag. Heimelaget stod med fire strake sigrar denne sesongen, men Vikhammer 2 var hakk i hel med fire sigrar og to tap. Vertane opna kampen bra, og bygde seg opp ei solid leiing i løpet av førsteomgang. Då laga gjekk til pause var stilling 21-7, og kampen vart bortimot avgjort. Bortelaget kom betre med i kampen i andreomgang, men sigeren var aldri truga for Ørsta/Volda sin del. Med 38-24-siger kunne laget juble for sin femte strake siger denne sesongen, og ei god opptakt til toppkampen mot Bergsøy om nokon veker.

– Full kontroll

– Vi hadde full kontroll frå start, og ti minutt ut kampen var vi 8–9 mål føre Vikhammer 2. Det var veldig godt å spele kamp igjen etter ei lang pause, og det var litt overraskande at det fungerte så godt. Likevel så har mange av spelarane spelt saman i ei stund og kjenner kvarandre godt. Alle fekk også speletid søndag. Kampen mot Vikhammer 2 vart nesten som ein treningskamp opp mot den store kampen mot Bergsøy. Ørsta/Volda og Bergsøy er dei to beste laga i divisjonen, og det vert kampen om Sunnmøre om to veker, seier trenar Björgvin Runarsson.

– Kor viktig er det å slå Bergsøy?

– I mitt hovud snakkar eg aldri om tap, så vi skal sjølvsagt vinne kampen. Likevel vert det tøft og Bergsøy har forsterka laget med 4–5 nye spelarar. Dei er sterke, men vi er også sterke. Vi har mange gode spelarar som er klare for ein tøff kamp. Dette vert også ein test for sjå kva vi er laga av, og i tida framover no vert det fullt fokus på Bergsøy-kampen, seier Runarsson.

Bergsøy på topp

Bergsøy toppar framleis tabellen i 3. divisjon, og står med seks strake sigrar. Ørsta/Volda er på plassen bak med ein kamp mindre spelt. Med få lag i divisjon kan ein bortesiger for Ørsta/Volda sin del mot Bergsøy vere avgjerande for eit opprykk.

Kampfakta

Ørsta/Volda – Vikhammer 2 38–24 (21-7)

Ørsta/Volda: Hans-Kristian Rangnes, Øyvind Berg, Per Erik Uggedal (1), Stian Aasen (4), Martin Aambakk (2), Vidar Kleppe Eidså (3), Bendik Bjerke (8), Petter Årseth (3), Emil Bjørdal (4), Brage Snarud (2), Anders Vatsaas (7), Lars Erik Skadal (4), Babelon Kere, Lars Øie

Toppskårar Vikhammer 2: Hewriv Bjorgon (6)

Utvisingar: Ørsta/Volda 5x2 min, Vikhammer 2 3x2 min.