Knardal driv firmaet Peien Maskin, og har ståande fleire arbeidsmaskiner i eit grustak i Alida. Vegen opp til grustaket brukar vere sperra, men sjølv ikkje det hindra frekke tjuvar i å stele diesel frå maskinene.

– Det har vore mange dieseltjuveri kring om i landet siste tida. Eg festa difor teip rundt tankloket på bilen, så eg kunne sjå om det hadde vorte opna. Då eg kom på arbeid tysdag, såg eg med ein gong at noko hadde skjedd. Eg skrudde på tenninga på bilen, og då var tanken tom, seier han.

Tjuveriet har skjedd ein gong mellom 2. desember og 18. desember. Tilkomstvegen var fysisk sperra av ei stor gravemaskin, så truleg har tjuvane gått til fots og tappa dieselen over på kanner, trur Knardal.

Han seier det er vanskeleg å sikre seg mot slike tjuveri, når endåtil vegen er sperra av.

– Ein kan ha store låsar på tankane, men det er ikkje vits. Då kjem ein berre tilbake til knust lås og tom tank, seier han.

Knardal melde saka til politiet, som onsdag ettermiddag var på staden for å sikre spor. Knardal har likevel lita tru på at han vil sjå att pengane som dieselen kosta.

– I tillegg går halve arbeidsdagen no med til å ordne opp i dette, sukkar han.

Knardal oppmodar folk som kan ha sett noko mistenkjeleg i området i tidsperioden om å ta kontakt med han eller politiet.

Saka vart meld til politiet onsdag.