Auken er stor for bedrifta i Ivar Aasen-gata som har det krydra slagordet «vi fiksar kjøkkenet og reddar ekteskapet».

Og det er nettopp kjøkken som står sentralt for bedrifta som i fjor nådde ei rekordomsetning på nær 26 millionar kroner, og som fekk eit godt resultat.

Verksemda leverer og monterer kjøkken over store delar av Søre Sunnmøre, i tillegg til Nordfjord. Også sal og montering av bad og garderobar er sentralt for bedrifta.

Bedrifta selde kjøkken og kvitevarer for ti millionar kroner i fjor. Samanlikna med tidlegare år sel Dale no fleire og fleire kjøkken til nybygg, ein marknad med stort potensial.

Salet av vindauge og dører utgjorde sju millionar av omsetninga, medan monterings- og snikkararbeid stod for 6,5 millionar av inntektene. I tillegg selde bedrifta garasjeportar for eit par millionar.

– I større grad enn før tek vi på oss komplette oppdrag for innreiing og renovering av leilegheiter. Det har også vore eit vellykka grep at vi tilsette ein interiørarkitekt, at vi også har fått på plass to målarar, og at vi har starta sal og montering av produkt for solskjerming, fortel Stein Kårstad og Yngve Dale.

Ny leiar

Kårstad vart frå 1. desember ny dagleg leiar i bedrifta medan den tidlegare daglege leiaren, Yngve Dale, hovudeigar i bedrifta, no konsentrerer seg om salsarbeid. Det ligg ingen dramatikk bak omstruktureringa.

– Det handlar om eit strategisk val der vi no utnyttar ressursane på huset på ein betre måte, konstaterer Kårstad og Dale.

Dale Vindu & interiør har no elleve tilsette. Leiinga meiner bedrifta si evne til å vere fleksibel og å kunne tilby kundane skreddarsydde løysingar er ein fordel i konkurranse med andre aktørar i marknaden.

– Mange ønskjer å få levert komplette pakkar når dei skal pusse opp og renovere, slik at dei får alt hjå ein leverandør og dermed slepp å halde seg til fleire. Dette synest folk er lettvint. Vi strekkjer oss veldig langt for at kundane skal få dei løysingane dei ber om. I ein marknad med hard konkurranse er dette viktig, i tillegg til at sørvisgraden alltid skal vere høg, seier Kårstad og Dale.

Dei ser optimistisk på 2018, og kan vise til gode ordrereservar for bedrifta som no har vore fjorten år i Ørsta.

Ny leiar: Stein Kårstad er ny dagleg leiar i Dale Vindu & Interiør etter Yngve Dale (t.v.) som no satsar fullt og heilt på sal. Foto: Roy-Arne Folkestad