Nesten 8.000 Tussa-kundar søkte om kompensasjon etter straumbrota i romjula. Den første vurderinga av søknadene er no ferdig, og erstatninga kjem på straumfakturaen i april. Totalt skal nesten 10 millionar kroner betalast ut.
– Det er kundar som har hatt straumbrot i meir enn 12 timar samanhengande, og som har sendt inn søknad om kompensasjon, som no får erstatning, opplyser Rune Kiperberg, adm. direktør i Tussa Nett.
Straumbrot over 12 timar
Lengda på eit straumbrot blir rekna frå det tidspunktet Tussa Nett først fekk melding om brotet, eller Tussa Nett visste eller burde visst at straumbrotet har funne stad. Straumbrotet blir rekna som avslutta når normal straumforsyning har vore gjenoppretta i minst to timar.
– Til dømes fekk fleire som mista straumen 1. juledag straumen tilbake i meir enn to timar på natta. Sjølv om straumen var borte igjen på morgonen 2. juledag, vil ikkje dei få kompensasjon for dette brotet. Nytt brot 2. juledag vil gi kompensasjon dersom det varte i meir enn 12 timar, utdjupar Kiperberg.
Søkemotor på internett
Straumbrota som Tussa Nett har registrert ligg tilgjengeleg i ein søkemotor på selskapet si heimeside, www.tussanett.no. Ved å skrive inn nummeret på trafokretsen dei høyrer til kan kundane finne tidspunkt for straumutfall i sitt område. Nummeret på trafokretsen er det opplyst om på baksida av fakturaen, og i svarbreva for dei som har søkt om kompensasjon.
Ekstra utbetaling
For ei raskast mogleg behandling av søknadene er erstatninga basert på dei straumutfalla Tussa Nett har registrert på trafokretsane. Det betyr at utfall i lågspentnettet, dvs. straumnettet som går frå trafokiosken og inn i dei enkelte husa, ikkje er med i berekninga.
– Dei kundane dette gjeld må ta kontakt for ei særskild vurdering, og dei vil eventuelt få ei ekstra utbetaling, understrekar Kiperberg.
Erstatningssummar
Erstatninga vert betalt ut slik:
• Straumbrot over 12 timar: 600 kroner
• Over 24 timar: 1400 kroner
• Over 48 timar: 2700 kroner
• Over 72 timar: Gir eit tillegg på 1300 kroner for kvar påbyrja 24-timarsperioden.
Søknadsfristen for å søkje om kompensasjon etter straumbrot i romjula er ute.