Politiet har den siste tida vorte kontakta av rektorane på ungdomsskulane i Ørsta og Volda, som har registrert ei eskalering i funn av våpen blant elevane. Nyleg tok politiet ei runde på skulane for å ta med seg det som hadde vorte kverrsett av dei tilsette der.

– Det var meir omfattande enn vi trudde, seier politiførstebetjentane Rune Krumsvik og Egil Rustad.

Alt frå elektrosjokkvåpen, springknivar og slåsthanskar til lighterar og laserpennar var blant gjenstandane elevane hadde vorte tekne med dei siste par åra.

– Vi kjenner blant anna til ein situasjon i samband med ein slåstkamp på ungdomsskulen i Volda der ein kniv vart synt fram. Dette førte til frykt blant dei andre elevane, seier Rustad.

Politiførstebetjentane ønskjer at foreldra skal verte klar over at mange born har med seg våpen på skulen, og at dei snakkar med borna om det.

Politiet vil i tillegg følgje opp ved å reise rundt på skulane for å fortelje om våpen og skadeverk, og konsekvensane dette kan få.

– Når det gjeld dei farlegaste våpna, vil vi i dei tilfella vi kjenner identiteten til eigarane kalle dei inn til ein bekymringssamtale, seier dei.

Politiførstebetjentane Rune Krumsvik og Egil Rustad ved dei kverrsette våpna frå ungdomsskulane i Ørsta og Volda.