Rådmann Wenche Solheim skjønar politikarane sitt engasjement for fleire bustadtomter, og det over heile kommunen. Likevel meiner ho at det kan verte bedt om meir enn kva administrasjonen maktar å få til.
– Det er krevjande å skulle forsere einskildområde i kommuneplanlegginga samstundes som vi arbeider med ein total revisjon av kommuneplane, og der samfunnsdelen i planen vonleg vert klar til sommaren. Eg meiner vi må vente til då, og at vi kan prioritere innafor det kommuneplanen legg opp til, sa Solheim.
2014
Bakgrunnen for at ho reagerte, var at formannskapet ikkje vil vente til 2014 før ein startar med planlegging av nye tomteområde på Sæbø. Det går nemleg fram av saksutgreiinga der det vart rådd til å avslutte arbeidet med bustadregulering på Prestemarka. Det er Opplysningsvesenets fond (Kyrkja) som har arbeidd med ein privat reguleringsplan for Prestemarka på Sæbø. Opplysningsvesenets fond har for ei tid tilbake meldt frå at planarbeidet er skrinlagt. Årsaka er at fylkesmannen har varsla motsegn grunna jordvernet, og at tomtene vert veldig dyre grunna krav til sikring mo snøskred m.a. Kommunen har undersøkt med fylkesmannen, og fått forståing av at fylkesmannen er veldig bastant når det gjeld jordvernet. Difor seier formannskapet ja til å avslutte planlegginga.
– Det er eigentleg ei trist tilråding til vedtak som ligg føre i dag, sa ordførar Rune Hovde då han orienterte om saka.
Hans-Olav Myklebust (Frp) var samd.
– Det er ei trist tilråding, men samstundes ser vi at forslagsstillaren har lagt til sides arbeidet med reguleringa. Det er no utruleg viktig at vi går vidare med saka om bustadbygging på Sæbø, for dei tomtene det vert vist til som ledige på Sæbø, er berre papirtomter. Dei er ikkje reelle. No er det viktig at vi får lagt til rette for bustadbygging på Sæbø. Det gjeld forresten heile kommunen, både bygdene og sentrum, sa Myklebust.
Satsing på Hjørundfjord
– Ja, no ser vi at reiselivet vil satse på Hjørundfjord og Sæbø. Viss vi skal ha folk til å arbeide der, må dei også ha ein stad å bu, sa Wenche Volle (Frp).
Ordførar Hovde peikte på saksutgreiinga.
– Eg er samd i at vi må kome i gang med ny bustadplanlegging. I saksutgreiinga vert det vist til ein ny områdeplan, og då snakkar vi om tidlegast 2014. Det er ikkje noko lovande signal, sa Hovde.
Ola Perry Saure (Sp) meinte også det var leitt at ein må leggje vekk planane om bustadbygging på Prestemarka.
– Vi vert møtt med at det er byggjeklare tomter på Sæbøneset, men det har vist seg vanskeleg å få nokon til å byggje på dei. Spørsmålet no er kva vi må gjere for å få lagt ut attraktive tomter, sa Saure.
– Vanskeleg
– Det er ein vanskeleg situasjon. Men viss vi tek vekk punktet i tilråding om at vi skal vente på ny områderegulering, seier vi i alle fall at vi ikkje vil vente til 2014, sa Hovde.
Gunnar Knutsen (V) var samd med ordføraren i at ein kunne ta vekk formuleringa om å vente på områdeplan før ein planlegg nye tomter på Sæbø.
– Det vi uansett ser i denne saka, er vi stadig vekk møter kryssande interesser. Det er ein gong slik at folk ynskjer å byggje der det er grønt gras, men då kjem vi i konflikt med jordvernet, sa Knutsen.
Monica Barstad Rebbestad (H) meinte at ein kanskje må tenkje nytt når det gjeld Sæbø.
– Det er mogleg løysinga er at vi ikkje skal leggje til rette for fyrstegongsetablerarar, men eldre. På Sæbø er det mange som bur i gamle hus, og viss det i staden vert lagt opp til bygging av sjønære fleirmannsbustader, kan desse verte attraktive for dei som no sit på bustader, og desse bustadene kan verte frigjort for marknaden, sa Barstad Rebbestad.
Sjønært
– Det kan vere ei løysing, og det stemmer også med det eg har høyrt frå Sæbø. Folk der peikar på å få bygt sjønære leilegheitshus, sa Knutsen.
Fleire formannskapsmedlemmer kom også med forslag om at det må setjast av ein dag til synfaring på Sæbø og i andre grender der tomtesituasjonen er tema.
– På veg til Sæbø kan vi t.d. stoppe på Brautaset, og få ei orientering om situasjonen der, sa Kjellfrid Hovdenakk (Ap).
– Vi har eit bustadbyggjeprogram, og dette programmet bør takast opp att slik at vi får ein total gjennomgang av bustadsituasjonen i kommunen. Det er eit skrikande behov for tomter, sa Myklebust.
– Ikkje pengar
Rådmann Solheim viste altså forståing for politikarane sitt utolmod, men åtvara mot at ein plukka kommuneplanlegginga frå kvarandre.
– Det vil verte ei utfordring dersom det skulle skje ei planlegging som ikkje er i samsvar med kommuneplanen. Dessutan er dette eit økonomisk spørsmål. Vi har ikkje pengar til det de no ynskjer, sa Solheim.
Likevel vedtok formannskapet samrøystes å avslutte arbeidet med Prestemarka på Sæbø, samstundes som det vert bedt om at det snarast kjem i gang arbeid med å finne bustadområde på Sæbø.