Kva kostar det kommunen å ha ein elev gåande på skulen? Svaret får vi gjennom Kostra-tala, som kommunane sjølv rapporterer inn til staten kvart år. Vi kan jo ta konklusjonen fyrst: Det blir brukt mykje meir pengar på elevane i Volda enn det som er gjennomsnittet i Noreg. Og samanlikna med andre kommunar er utviklinga i Ørsta god.

Driftsutgifter

For å finne ut kva det kostar å ”drifte” ein grunnskuleelev, så må ein vite kor mykje som går med til lønn til lærarar, administrasjonen og anna personell. Vidare kor mykje pengar som går med til skulemateriell, til drift av skulebygningane og SFO. Også utgifter til skuleskyss er med i denne pakken – som så blir delt på kvar innbyggjar mellom seks og 15 år i kommunen.

Så mykje går til skuledrift

SSB-tala viser at Ørsta kommune i fjor brukte nesten 124 millionar kroner til drift av skulesektoren. Det må understrekast at vi snakkar om drift, og at investeringar sjølvsagt ikkje er med på desse postane. Om vi ser på året før, så finn vi at Ørsta har brukt 7,7 millionar kroner meir på driftsutgifter i skulesektoren i løpet av 2011 enn det kommunen gjorde året før. Auken svarar til ein auke på heile 6,6 prosent. Gjennomsnittleg auka driftsutgiftene med 3,4 prosent i Noreg. Så auken har i Ørsta vore større enn normalt i 2011.

Pengar brukte i Volda

Tilsvarande for Volda kommune er at det i fjor blei brukt 118 millionar kroner til å få gjennomført grunnskulen på ein måte kommunen vurderer som forsvarleg. Sett i forhold til året før, så er dette ein auke på åtte millionar kroner. Auken i Volda er dermed på 7,3 prosent. Det er altså ein del større vekst enn snittet i Noreg.

Snitt per elev

Noreg er eit av landa i OECD som bruker mest pengar per elev. Kommunane bruker ein stad mellom 25 og 35 prosent av det totale budsjettet på skulesektoren. Pengebruken kan ha konsekvensar for kor mange barn som deler på ein PC eller kor ofte skulen får nye læremiddel. Bruken avgjer også kor mange lærarar det blir per elev.

Ein må ha i minne at demografi og kommunestruktur er svært ulike i det langstrakte landet vårt. Ein norsk skuleelev mellom 6 og 15 år kostar uansett i gjennomsnitt 92.000 kroner i driftsutgifter.

Pris per elev

Og ut frå Kostra-tala kan vi sjå at ein Volda-elev kostar kommunen 102.379 kroner. Så det er lov til å slå fast at ein elev frå Volda blir påspandert mykje meir enn det som er normalt i Noreg.

Ein grunnskuleelev frå Ørsta kosta kommunen 95.004 kroner i fjor.

Bykle på topp

På landsoversikta er det den rike kraftkommunen Bykle i Aust-Agder som får lov til å meske seg på toppen. Her bruker kommunen utrulege 214.800 kroner per elev. Sett i forhold til dei lokale forholda våre får altså ein elev i Bykle 2,3 gonger meir enn ein medelev frå Ørsta.

– Forskjellane kan ikkje berre forklarast med strukturelle forhold. Dette handlar også om politisk prioritering, seier Mimi Bjerkestrand, leier i Utdanningsforbundet.

Ørsta rangert

Det er mange småkommunar som fyller opp det øvste nivået av tabellen. Dei mest folkerike kommunane kjem nedover på tabellen, og det er desse som trekkjer landsgjennomsnittet ned. På denne tabellen finn vi derfor Ørsta heilt nede på ein 277. plass. På tilsvarande tabell for 2010 var Ørsta plassert som nummer 325 Kommunen har derfor klatra 48 plassar det siste året samanlikna med andre kommunar.

Volda er fyrst på 213. plass, som likevel er 27 plassar opp frå året før.

– Skulen taper i Noreg

Utdanningsforbundet meiner at skulesektoren er ein så stor pott at det er lett for kommunane å kutte for å spare pengar. På generelt grunnlag meiner Bjerkestrand at skulen taper terreng.

– Det uroar oss sterkt at skulesektoren taper i prioriteringskampen i kommunane. Og det burde uroe alle andre som er oppteken av den gode skulen og framtidas kunnskap, seier ho.

Så mykje blir brukt på elevane

Netto driftsutgifter (konsern) 2011. Kjelde: SSB

Sum per elev

Ørsta: 95.004

Volda: 102.379

Noreg: 92.000